Avlslaget for sidet trønderfe og nordlandsfe

Medlemstreff og årsmøte 2026

Medlemstreff og årsmøte blir i år arrangert ved Fossheim Hotell i Lom i Gudbrandsdalen 20.-22.mars.
Frå E6 ved Otta er det 6 mil til Fossheim som ligg i Lom sentrum (Fossbergom)

Prisar Fossheim:
Overnatting i dobbeltrom inkl. frukost: Kr 810,- pr pers pr natt
Overnatting i enkeltrom inkl frukost: Kr 1265,- pr pers pr natt
Lunsj Kr 390,-
Festmiddag Kr 775,-

Fredag 20. er det ikkje noko fastlagt program. STN-folk vil kome til Fossheim etter kvart ut over ettermiddagen og kvelden. Det er kvelden for å bli kjent med nye ansikt og å treffe att gamle kjente.
Laurdagens offisielle program startar pent og roleg med lunsj klokka 12.00 før årsmøtestart klokka 13.00. Årsmøtet tek den tida det tek. Etter faginnslag og pause samlast vi til festmiddag og årsmøtefest. På søndag kjører vi enda litt lenger opp i dalen og besøker buskapen til Hans Gubhage i Skjåk, ein av landets største besetningar med mjølkeproduksjon på bevaringsverdige rasar (også STN)

Påmeldig til avlslaget på tlf: 90981655 Påmeldingsfrist: 6.mars