Avlslaget for sidet trønderfe og nordlandsfe

Rasestandard

STN-rasen er eit fjellfe, tilpassa forholda i dal og fjellbygdene. Det er eit mjølkeprega kombinasjonsfe. STN-kua skal vera lita og lett. Levandevekta til vaksne kyr vil stort sett variere mellom 350 og 500 kilo. Grove og tungbygde dyr er ikke ønskeleg. Ein legg ikkje vesentleg vekt på muskelfylde. STN-kua er kollut.

Dyra er sidete. Dvs at grunnfargen er kvit, med farga sider, og dropler eller flekker på hovud og bein. Fordelinga mellom kvite og pigmenterte felt varierer mykje. Frå nesten heilt kvite, til ne3sten heilt pigmenterte, med berre ein kvit ål langs ryggen. Mulen, augelokka og øyrene vil som oftast vere pigmenterte. På heilt kvite dyr vil det også som oftast vere pigmenterte dropler på frambeina, like over klauvane. Der aller fleste dyra er svartsidete, men raud/ brunsidete er heller ikkje uvanleg. Gråsidete, brandsidete, botete og einlette dyr forekjem også.

Hovudet er lite og harmonisk, med store, uttrykksfulle og livlege auge. Eit langt og tungt hovud med lang og krumma naserygg er ikkje tiltalande. Tunge og halvt hengande øyre likeså. Halsen skal vera fin, med jamne overgangar til manke, rygg og lend. Ein grov og kraftig hals er uønska. Ein legg i det heile stor vekt på ein god rygg og ei rett overline.

Særleg hos ungdyr og avlsoksar må ein vere streng med at ryggen skal vere rett. Hos eldre kyr vil ryggen kunna bli slapp, og skal ikkje bedømmast like strengt. Lenda bør vere brei, for å gje ein romstor buk. Krysset bør vere breitt, langt og ikkje for avsmalnande. Krysset bør vere lett hellande til rett. Rasen har ofte noko toppa kryss og høgt halefeste. Dette skal ikkje bedømmast for strengt. Halerota bør ikkje vera for grov, og halen bør vere lang og fin.

Mange STN-kyr har lause bøger, og ein skal difor ikkje vere for streng på dette hos eldre kyr. Hos kviger og avlsoksar bør bøgene ligge godt inntil kroppen. Brystet bør vera breitt og djupt. Beina bør ver sterke, fine og korrekt stilte, med gode og sterke klauvar. Det blir ikkje trekt for moderat krok- og kuhasa beinstilling. Hårlaget skal vere fint, tett og glansfullt.

Bolleforma jur er den naturlege jurforma for STN-rasen. Jur og spenar må vere funksjonelle. Da beina på STN-rasen er forholdsvis lågstilt, er det viktig at juret ikkje blir for sidt, men held seg godt oppe. Spenane skal vere middels fine og middels lange. Ønska spenelengde vil vere ca 5 – 7 cm. Spenane bør vera sylinderforma, utan utvida mjølkekammer og godt plasserte. Marispenar blir ikkje tillagt avgjerande vekt, så lenge dei er små og utan kjertelutvikling. Store marispenar med kjertel, mellomspenar og dobbeltspenar er i høgste grad uønska. Når det gjeld spenelengda skal ein elles ta omsyn til alderen på kua.