Styret har plukka ut sju oksar for bruk i sesongen 2022/23. Fem av desse vil vere tilgjengelege ute hos inseminørane fram til midten av mai 2023. Dei to siste er importert frå Sverige og må bestillast frå Geno sin nettbutikk. Også andre oksar enn dei som er valde ut for sesongen kan bestillast i nettbutikken: http://www.oksekatalogen.geno.no
Ver merksam på at:
Geno tek eit bestillingsgebyr pr kr 600 pr bestilling ved bestilling av sæd i nettbutikken. Det gjeld også årets oksar. For å unngå betillingsgebyr må dosar bestillast gjennom din veterinær/inseminør. Sædruta går ca kvar 6.veke, så hugs å bestille i god tid før venta inseminering.
For fleir opplysningar om oksane, sjå avlslagets oksebok eller STN-Bladet.
Normal pris pr dose av STN-okser: kr 340,- (fra 01.01.23)
Pris på importerte Fjällraseokser pr dose: 502,- (fra 01.01.23)
Avlslaget vil samtidig oppfordre om å varsle oss om du har ei STN-ku som du meiner kan vere aktuell oksemor. Reinrasa kyr som mjølkar bra og har fungert godt i buskapen gjennom fleire år vil kunne vere interessante kandidatar. Avlslaget vil kunne kome med råd om kva for okse som bør brukast ved insemineringa, for å få ein kalv som avstammingsmessig er best mogleg egna som seminokse. Eventuelt blir det jo ein veldig interessant kukalv til påsett i din eigen buskap.