Avlslaget for sidet trønderfe og nordlandsfe

Stambokføring av gardsoksar

I ein liten rase som STN er det viktig at vi får brukt fleir oksar enn berre seminoksane. Vi må passe på a halde ein brei genetisk base, for å unngå innavl. Avlslaget ser derfor gjerne at det blir brukt ein del gardsoksar. For tida stambokfører vi ca 20 nye gardsoksar i året. Men skal du bruke gardsokse, er det eit par viktige ting å passe på:

 

– Gardsoksen må vere av best mogleg kvalitet

Legg vekt på å få tak i/ sette på ein gardsokse som er mest mogleg reinrasa og har ei god og funksjonell mjølkeku som mor. Ved å bruke gardsokse så»legg du mange egg i same korg» og ein dårleg gardsokse kan om ein er uheldig gje ein heil årgang av dårlege kviger.

Avlslaget prøver så godt det let seg gjera å bistå med å finne gode gardsokseemne. Generelt er det ganske bra utval av aktuelle oksekalvar, så vi anbefaler sterkt at du er ute i god tid før du treng neste gardsokse! Er du ute etter ein okse som er klar til bruk, så er det ofte nesten umogleg å finne slike.

 

– Stambokfør gardsoksen

Ved stambokføringa blir gardsoksen registrert hos avlslaget, og får eit eige 5-sifra stamboknummer. Dette nummeret skal brukast i kukontrollen, og gjer det mogleg å halde rede på avstamminga til avkomma til oksen. Gode opplysningar om avstamming er heilt avgjerande for avls- og bevaringsarbeidet. Samtidig er det viktig for brukaren å kunne dokumentere avstamminga til sine dyr. Mellom anna ved sal av livdyr og for å kunne søke om tilskot til dyr av bevaringsverdig rase.

Stambokføringa er gratis. Avlslaget har innført nye krav til stambokførte gardsoksar, med verknad frå 1.januar 2011:
– Oksen kan ikkje ha innslag av meir enn 6,25% av andre rasar enn STN/ Svensk Fjällras
– Oksen skal vere fødd i kontrollert mjølkebesetning
– Ved stambokføring skal det foreligge utskrift av gardsstambok frå kukontrollen for mor til oksen.

 

Har du spørsmål om stambokføring er det berre å ta kontakt med avlslaget.