Seminoksar
Styret har plukka ut fem oksar for bruk i sesongen 2025/26. Desse vil vere tilgjengelege ute hos inseminørane fram til midten av mai 2026. Oksen 40079 Fafne vil bli utsendt i avgrensa mengde på sædrutene, og berre utdelt til inseminørane på forespørsel. Vil du bruke av denne oksen er det derfor viktig at du bestiller gjennom din inseminør. Denne sesongen finst det kjønnsseparert sæd (hoceller) tilgjengeleg av to oksar, 40078 Solan og 40079 Fafne. Kjønnsseparerte doar må alltid bestillast i Geno sin nettbutikk. Også andre oksar enn dei som er valde ut for sesongen kan bestillast i nettbutikken: http://www.oksekatalogen.geno.no
Ver merksam på at:
- Geno tek eit bestillingsgebyr pr kr 600 pr bestilling ved bestilling av sæd i nettbutikken. Det gjeld også årets oksar. For å unngå betillingsgebyr må dosar bestillast gjennom din veterinær/inseminør. Sædruta går ca kvar 6.veke, så hugs å bestille i god tid før venta inseminering.
- Normal pris pr dose av STN-okser: kr 396,-
- Pris kjønnsseparerte doser: kr 673,-
- Pris importerte Fjällraseokser pr dose: kr 622,-
- Pris importerte kjønnsseparerte doser: 696,-
Avlslaget vil samtidig oppfordre om å varsle oss om du har ei STN-ku som du meiner kan vere aktuell oksemor. Reinrasa kyr som mjølkar bra og har fungert godt i buskapen gjennom fleire år vil kunne vere interessante kandidatar. Avlslaget vil kunne kome med råd om kva for okse som bør brukast ved insemineringa, for å få ein kalv som avstammingsmessig er best mogleg egna som seminokse. Eventuelt blir det jo ein veldig interessant kukalv til påsett i din eigen buskap.
![]() | 9157 Rippo Fødd: 06.10.1996 Hos: Karl-Gustav Hedling, Orsa, Sverige Far: 715 Rito SKB 76715 Mor: 94 Sippa SKB 8647 12,3 år: 5664 – 4,3 – 3,6 Morfar: 717 Kare SKB 76717 Framandt blod: 0% Innavl: 40063 Kappakasein: AB 43 døtre: + 37 kg tørrstoff Foto: Geno |
![]() | 40044 Pjalt Fødd: 29.08.2011 Hos: Elisabeth og Amund Wormstrand, Brandval Far: 9010 Øst-Tor Mor: 183 Serina 6,11 år: 6614 – 3,3 – 2,9 Morfar: 40570 Dokkemann Framandt blod: 0% Innavl: 9010, 40056 Kappakasein: AB 40 Døtre: + 48 kg tørrstoff Foto: Geno |
![]() | 40076 Viking Fødd: 31.05.2022 Hos: Atle Meås, Fannrem Far: 9022 Wickstrøm Mor: 764 Fagerlin 7,7 år: 5744 – 4,1 – 3,3 Morfar: 9024 Langen Framandt blod: 0,2% Innavl: 9022, 9032, 9062 Kappakasein: Foto: Geno |
![]() | 40078 Solan Vanlige + KS-doser Fødd: 26.12.2022 Hos: Marit Hoff, Jøa Far: 40025 Marieberg Mor: 768 Gorosa 4,2 år: 5999 – 4,1 – 3,2 Morfar: 9158 Flå Framandt blod: 3,0% Innavl: 40025, 40074 Kappakasein: AB Foto: Geno |
![]() | 40079 Fafne Fødd: 13.12.2022 Hos: Thomas Lundholm, Jättendal, Sverige Far: 6 Tive SKB 6380 Mor: 234 Star Svfj 25591 5,3 år: 6798 – 4,2 – 3,5 Morfar: 886 Storm Svfj 96886 Framandt blod: 1,6% Innavl: Kappakasein: BB Foto: Viking Genetics |